Innstilling fra finanskomiteen om endringer i skatte-, avgifts- og tollovgivningen i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2013

I samanheng med revidert nasjonalbudsjett 2013 foreslår regjeringa endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga:

  • Det blir presisert at det skal svarast trygdeavgift med mellomsats av arbeidsgodtgjersle til deltakar i deltakarlikna selskap i fiskerinæringa.

  • Friinntektssatsen i petroleumsskattelova blir redusert frå 7,5 til 5,5 pst. per år.

  • Meirverdiavgiftsrepresentanten sitt ansvar for betaling av meirverdiavgift blir oppheva.

  • Vektfrådraget i eingongsavgifta for ladbare hybridbilar blir auka til 15 pst.

  • Det blir innført nye lovføresegner for tollkontroll.

  • Tollstyresmaktene får heimel til å setje ned toll på landbruksvarer i enkelttilfelle.

  • EFTA-konvensjonen på landbruksområdet for blant anna handel med råvarer og tilverka jordbruksprodukt er revidert.

  • Endringar i likningslova og meirverdiavgiftslova gjer unntak frå advokatar si teieplikt på skatte- og avgiftsområdet.

  • Skattekontoret kan endre sitt vedtak til fordel for skattytar under den førebuande klagesakshandsaminga, dersom klagen blir funnen grunna.

  • Rapportering av tredjepartsopplysningar etter likningslova blir endra slik at andre som utbetalar erstatning for personskade og tap av forsørgjar blir omfatta av rapporteringsplikta.

  • Finansdepartementet sin kompetanse til å treffe vedtak om skattefrie gevinstar blir oppheva.

  • Det blir gjennomført enkelte klargjeringar og opprettingar i lovtekst.

Relaterte kilder


Har du ikke dib?

Prøv dib nå   Be om tilbud